Feilgrep å kutte i busstilbodet

Lesarinnlegg trykt i Nordhordland 28.05.11

Nordhordland melder at busstilbodet i Nordhordland skal kuttast ned til eit endå lågare nivå enn det ein allereie har, slik at fylkeskommunen skal spare 1,3 millionar.

Vi i Miljøpartiet Dei Grøne meiner dette er ein grunnleggjande feil måte å møte dei trafikale utfordringane på. Både miljøet og den fylkeskommunale økonomien vil tene på at ein heller satsar på å bygge opp kollektivtilbodet til eit nivå der det å reise kollektivt vert eit reelt alternativ til å køyre eigen bil – også i distrikta. Miljøet tener på dette ved at ein får ned både utslepp av klimagassar og svevestøv, i tillegg til at ein sparer omgjevnadane for støy.

Økonomien vil vinne tene på dette ved at ein slepp å stadig byggje større vegar for å halde tritt med den aukande bilparken som kjem som ein fylgje av at kollektivtilbodet ikkje er brukbart for folk i distrikta.

Miljøpartiet Dei Grøne stiller til val i Lindås, Meland og til fylkestinget, og vi vil jobbe for å byggje opp kollektivtilbodet både i Nordhordland og for heile fylket.

Steinar Sneås Skauge
Leiar Miljøpartiet Dei Grøne Lindås