Valprogram 2011

MILJØ

Miljøpartiet Dei Grøne ynskjer å ha fokus på miljøvern og bærekraftige løysingar i heile den kommunale politikken. Dette må vere sentrale perspektiv i alle prosessar som leier fram til avgjerdsler, srleg gjeld det desse områda.

Veg og kollektivtransport

  • Vi vil arbeide for ein god og billig kollektivtransport
  • Som ein del av dette vil vi ha lågare bomavgift mot Bergen midt på dagen, laurdags ettermiddag og søndagar, men høgare avgift i rushtrafikk-tida.
  • Vi vil også ha kollektivtfelt / miljøbilfelt Nordhordland-Bergen.
  • Samstundes som vi vil ha fleire sykkelvegar.
  • På lang sikt vil vi også ha Bybane heilt til Mongstad.
  • Men vi er mot ein oljeveg (den såkalla ”Gullveien”) mellom Nordhordland og Øygarden.

Utbygging

  • Vi vil at Lindås skal ha ein planlagt og skånsom utbygging som tar omsyn til fellesskapet og
    framtidige generasjonar.
  • Det er viktig å sikre grøne lungar i dei ulike utbyggingsområda.
  • Vi er også for auka strandsonevern i Lindås
  • Og vil arbeide mot småflyplass på Erstadfjellet

Energi

  • På grunn av Mongstad ligg Lindås kommune i norgestoppen på utslepp. Vi vil derfor at Lindås vert ein foregangskommune for fornybar energi, særleg ved å jobbe for alternative energikjelder til fossilt brensel.
  • Det er viktig å få på plass grundigare kontrollar av anlegget på Mongstad og eventuelle helseskadlege verknader for folk som bur i nærområda.
  • Vi vil arbeide mot den planlagde kraftlinja gjennom Nordhordland
  • Og vi vil etablere tilskuddsordning for innkjøp av varmepumpar for private

Jordbruk og dyrehald

Miljøpartiet Dei Grøne vil stimulere til at jordbruket i Lindås vert berekraftig og
miljøvenleg. Dette vil vi gjere ved å arbeide for:

  •  Å fremje miljøvenleg og økologisk jordbruk
  • auka marknadsføring og merking av lokale og “kortreiste”  jordbruksprodukt
    – Meir villsau og ekstensivt dyrehald i Lindås
    – Å motivere unge til å aktivt bruke jorda til sjølvhushald og smådyrhald.
    – Ei streng praktisering av bu- og driveplikt på gardane.
    – Å nekte konsesjonar til pelsdyrnæringa, og arbeide for avvikling av næringa.
  • Vi vil også arbeide for komunal stimulans til organisasjonar som arbeider for dyrevelferd.

MENNESKELEG MANGFALD
Miljøpartiet Dei Grøne vil stimulere det lokale kulturlivet og arbeide for gode tilbod for born og skuleelevar samt eldre og sjuke. Å sikre at kulturlivet er levande og ikkje vert pressa av kommersielle aktørar er viktig for lokalsamfunna.
Skule og utdanning

  • For skuleborn vil vi arbeide for å bevare grendeskulane
  • Og for dei yngste borna vil vi sikre eit godt offentleg barne- og førskuletilbod, samstundes som ein gir gode vilkår for foreldrestyrte og ikkje-kommersielle private
    barnehagar.
  • Vi ynskjer ei auka satsing på uteskole og friluftsliv i Lindås.
  • Og vil stimulere til auka foreldremedverknad i skulen .

Helse og omsorg
Vi vil arbeide for eit godt omsorgs- og eldretilbod basert på valgfridom for
brukarene.
Kultur og frivillighet

  • Vi ynskjer å stimulere til satsing på kultur og frivillige organisasjonar.
  • Særleg ynskre vi ei auka satsing på lokal kultur.
  • Der det er høve til det, er vi positive til å etablere lovlege grafittiveggar.
  • Vi vil gje støtte til trus- og livssynssamfunn som vil etablere eigne forsamlingshus
  • Og videreutvikle biblioteka til kultursenter.
  • Vi ynskjer å ta imot fleire flyktningar og gje tilbod om venskapskontaktar og venskapsfamiliar til flyktningar.
  • Verda vert stadig meir digital, og vi vil arbeide for betre nettkapasitet og optisk kabel i større
    byggefelt.
  • For at alle skal få tilgang til offentlege dokument vil vi arbeide for at alle offentlege dokument skal gjerast tilgjengelege i opne format.
  • Vi vil også at kommunale instutisjonar skal bruke opne, gratis programvare.

MEDVERKNAD
Miljøpartiet Dei Grøne meiner at eit levande demokrati er ein bærebjelke i eit moderne samfunn. Vi vil stimulere demokratiet.

  • Vi vil gje tilbod om “Demokratikurs” for ungdom og andre som ynskjer å
    engasjere seg i politikken.
  • For å auke demokratiet vil vi auke bruken av folkemøtar som ein del av førebuinga av større
    politiske sakar  (t.d. arealbruk.)
  • Vi innser at vi ikkje har alle løysningar. Der for vil vi samarbeide med politiske parti som støttar våre kjernesakar.
  • Vi vil også samarbeide med frivillige organisasjonar for å finne gode
    politiske løysingar
    .