Vi treng ny, bærekraftig industri. No!

Lesarbrev trykt i Strilen, 31.03.12

Bergens Tidende melder 28. mars at Statoil vurder å leggje ned oljeraffineriet på Mongstad då dei har tapt over 9 milliardar kroner på raffineriet sidan 2009. Dette sender eit tydeleg signal til Nordhordlandsregionen, fylket vårt og heile landet. Vi treng satsing på ny, bærekraftig industri, og vi treng satsinga no. Norge heng fast i petroleumsindustrien trass i at det er klart for alle at dette er ein industri som kjem til å døy ut med tida. Særleg Nordhordland har gjort seg avhengige av petroleumsindustrien og støtteverksemdene som kjem med eit stort raffineri som Mongstad. Signala om at produksjonen på Mongstad ikkje vil vare evig bør få kommunane i Nordhordland til å vakne opp og jobbe målretta med å få på plass framtidsretta industri. Dette må vere industri som har bærekraft særleg i høve til miljøkrisa vi står midt i no. Også for den nasjonale industripolitikken bør dette vere eit vendepunkt der ein legg bak seg oljeindustrien og i staden satsar på industri som kan bidra til å hjelpe på klimasituasjonen vi no har hamna i.

Miljøpartiet Dei Grøne er urolege for den manglande satsinga på framtidsretta industri, og meiner at det som no kjem fram rundt raffineriet på Mongstad er nok eit døme på at vi må ut av oljebobla vår og inn framtida.

 

Steinar Sneås Skauge
Leiar Miljøpartiet Dei Grøne i Lindås