Valprogram 2015

Miljøpartiet Dei Grøne har som mål eit medmenneskeleg samfunn i økologisk balanse. Økonomien skal underordnast sunne økologiske prinsipp og fremja fred og rettferd både lokalt og globalt. Livskraftige lokalsamfunn, i hovudsak basert på lokale ressursar, er ein føresetnad for å nå målet. Vi tek mål av oss til å utforme ein heilskapeleg politikk for notid og framtid, basert på grøne verdiar, slik som omsynet til andre menneske, til framtidige generasjonar og omsynet til dyr og natur. Me ynskjer å ta vare på mangfaldet i naturen, me set pris på mangfaldet blandt oss menneske og me ynskjer eit mangfaldig næringsliv og kulturliv. MDG ynskjer å ha fokus på miljøvern og bærekraftige løysingar i heile den kommunale politikken.

Valprogram 2015-2019: Lindås-Valgprogram_2015_nett-1.pdf